Nyare forsking knytt til Lesesenteret viser at elevar skriv langt betre dersom dei øver seg gjennom å etterape modelltekstar. Ikkje så uventa kanskje, for det å etterape dei lærde og lære av andre sine erfaringar, er jo ein svært vanleg metodikk innafor mange fagfelt – ikkje minst innan yrkesopplæringa.
Det å lære seg å skrive gjennom å etterape modellar har vi også stor tru på. Derfor er bøkene våre utstyrte med modelltekstar i alle dei tekststypane som elevane skal øve seg i. Modelltekstane er knytt til dei ulike kursa i bøkene. Dermed vil elevane få rettleiing steg for steg i skrivearbeidet.
Vil du lese meir om skriving etter modellar, kan du trykke på lenka under.