Sanna Sarromaa starta ein heftig debatt gjennom kronikken «Det norske språket i forfall» (VG den 8.9.2014). VG si humoristiske spalte «Nasjonens øye» har hive seg inn i debatten. Gjennom den humoristiske teksten «Språk rådet kutter ut skrive regler for og redusere skrivefeil blandt normenn» harselerer VG med tilstanden blant norske språkbrukarar. Teksten kan brukast som ein humoristisk innfallsvinkel til eit sentralt tema i norskfaget. Kva meiner elevane om verdien av å skrive «korrekt»? Klarer elevane å avdekke den skjulte bodskapen i teksten – og gjennomskodar dei ironien? Teksten kan også brukast til å utvikle eit metaspråk om språk. Kva for typiske skrivefeil er det artikkelen harselerer med? Teksten passar dessutan ypparleg til å gje ein undervisningstime eit lite, humoristisk løft.
Dersom du ønskjer å jobbe noko grundigare med emnet, byr mellom anna artikkelen «Hvor god er du i norsk?» på fleire perspektiv som ein kan ta med seg inn i diskusjonen. Her finn du fasiten!