Gyldendal sitt norskseminar 2015!

Norskfaget er mangfaldig, og det same er norsklærarolla. Derfor ønskjer vi i Gyldendal Undervisning å invitere deg til eit mangfaldig og variert norskseminar der vi koplar faglege djupdykk saman med tydelege blikk på klasseromet.

I løpet av seminaret får du møte Marta Norheim som deler sitt syn på kva som kjenneteiknar norsk samtidslitteratur. Illustratør Geir Moen kjem for å fortelje om arbeidet sitt med å omforme Peer Gynt til teikneserieroman. Kari Ramnefjell gir praktiske tips til korleis ein kan gå fram når ein skal arbeide med dramatiske tekstar i klasseromet, og Jannike Ohrem Bakke knyter teoriar vi har om skriving til praktiske skrivegrep. Helene Uri og Gunnstein Akselberg øser av kunnskapen sin om språk og språkbruk. Vi får besøk av to dyktige lærarar, Anne Lise Kveldsvik og Charlotte Smith Systad,  som deler av sine erfaringar med å yrkesrette norskfaget og korleis arbeid med visuelle tekstar kan gje elevane verdifull kompetanse i retorikk og overtalingskunst. Linda Eide kjem også. Ho vil fortelje oss korleis arbeidet med det konkrete og visuelle i TV har gjort henne til ein betre språkbrukar, og Jørgen Haugan kjem for å nyansere synet vårt på sjølvaste Henrik Ibsen. Teater Joker innleiar festmiddagen. Dei lover oss ei oppleving vi seint vil gløyme!

Vi håper å sjå deg den 12. – 13. mars på Gardermoen!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s