Nynorsk og talemål = sant

På NTNU Gjøvik denne våren innheldt ei av eksamensoppgåvene over 50 (!) feil. I samband med dette har «Ekko» intervjua Magne Aasbrenn, nyvald leiar for Noregs Mållag. I dette intervjuet reflekterer Aasbrenn over kvifor det er viktig å lære seg både nynorsk og bokmål, og kvifor nynorsken er spesielt viktig for identiteten vår. Nynorsken er rett og slett viktig for at vi skal kunne snakke som vi vil! Vi har laga eit undervisningsopplegg til dette radiointervjuet

  1. Lytt til radioprogrammet

    https://radio.nrk.no/serie/ekko-hovedsending/MDSP25014216/19-07-2016#t=1m31s

  2. Arbeid med oppgåver

  1. «Nynorsken er dialektene si fagrørsle», hevdar Magne Aasbrenn. Kva meiner han med dette?
  2. Kan du finne viktige argument i programmet for kvifor vi ikkje berre like godt kan skrive slik som vi snakkar?
  3. Aasbrenn hevdar at nynorsk er viktig for å støtte folk i å bruke dialektane sine. Korleis grunngjev han dette?
  4. Aasbrenn argumenterer også for at det å lære seg både hovudmål og sidemål gjer oss til betre språkbrukarar. På kva måte?
  5. Gå saman i grupper på 3-4. Skriv ned alle dei typiske nynorskfeila de kan kome på på post it-lappar (bruk omlag 5 minutt på dette).  Legg lappane deretter ut på bordet. Trekk ein og ein lapp og diskuter i gruppa kvifor nettopp dette er ein typisk nynorskfeil, og korleis ein heller bør skrive dersom ein skal skrive korrekt nynorsk.

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s