Nytt om eksamen

Etter at læreplanen for norsk vart revidert  til skulestart 2013, så har retningslinjene til gjennomføring av både munnleg og skriftleg eksamen vorte presiserte eller justerte. Her vil du finne oversikt over dei mest sentrale endringane:

Munnleg eksamen

  • Eleven skal få vite faget han kjem opp i 48 timar før eksaminasjonen og tema/problemstilling 24 timar før.
  • Eksamen skal framleis gjennomførast på den måten at eleven held ein presentasjon og at kandidaten seinare vert eksaminert.
  • Eleven sin presentasjon kan berre utgjere 1/3 av eksamenstida.
  • Eleven skal under eksamen vise kunnskapane sine knytt til heile læreplanen, og eksaminasjonen i etterkant av presentasjonen har derfor som mål å avdekke både breidde- og djupnekunnskapar.
  • Eksaminator skal ha som mål å finne ut kva eleven kan (og ikkje kva han ikkje kan).

Skriftleg eksamen

  • Alle oppgåvesett, både på hovudmål og sidemål, består av kortsvar og langsvar.
  • Oppgåveinstruksane kan vere ganske komplekse, og legg kanskje endå meir enn tidlegare opp til at elevane har god leseforståing, og stiller seg spørsmålet «Kva er relevant for å svare på akkurat denne oppgåva?»
  • Bruk av kjelder er meir sentralt i revidert læreplan, men det er likevel ikkje eit krav at elevane nyttar kjelder i eksamenssvaret sitt.

Kortsvar

  • Kortsvarsoppgåvene er alltid knytte til eitt eller fleire vedlegg.

Langsvar

  • Oppgåvene er formulerte med utgangspunkt i instruksjonsverba i læreplanen, og elevane vert ikkje bedt om å svare i ein særskild sjanger.
  • Oppgåva kan be eleven om å skrive ein kreativ tekst. Det å skrive ein kreativ tekst er ei ganske opa bestilling, der det kreative kan vere knytt til språkbruk, komposisjon, sjangersamanblanding eller anna. Ein kreativ tekst kan vere både ein saktekst og ein skjønnlitterær tekst.

 For meir informasjon om eksamen og eksempeloppgåver:

http://www.udir.no/Vurdering/Eksamen-videregaende/Endringer-og-overgangsordninger/Endringer/Eksamensoppgaver-i-norsk-2014-for-Vg3-og-pabygging-til-generell-studiekompetanse-/

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s