Eksamensteksten som studentar ved NTNU på Gjøvik fekk før sommaren 2016, innheldt over 50 (!) nynorskfeil. «Ekko» intervjuar i samband med dette den nyvalde leiaren av Noregs Mållag, Magne Aasbrenn. I dette intervjuet finn du mange fine refleksjonar rundt kvifor nynorsk er viktig for elevar frå heile landet.
https://radio.nrk.no/serie/ekko-hovedsending/MDSP25014216/19-07-2016#t=1m31s
Oppgåver
- «Nynorsken er dialektene si fagrørsle», hevdar Magne Aasbrenn. Kva meiner han med dette?
- Kan du finne viktige argument i programmet for kvifor vi ikkje berre like godt kan skrive slik som vi snakkar?
- Aasbrenn hevdar at nynorsk er viktig for å støtte folk i å bruke dialektane sine. Korleis grunngjev han dette?
- Aasbrenn argumenterer også for at det å lære seg både hovudmål og sidemål gjer oss til betre språkbrukarar. På kva måte?
- Gå saman i grupper på 3-4. Skriv ned alle dei typiske nynorskfeila de kan kome på på post it-lappar (bruk omlag 5 minutt på dette). Legg lappane deretter ut på bordet. Trekk ein og ein lapp og diskuter i gruppa kvifor nettopp dette er ein typisk nynorskfeil, og korleis ein heller bør skrive dersom ein skal skrive korrekt nynorsk.